Her vil du kjenne att mykje av ordkunsten som du kanskje allereie har sett på Instagram eller Facebook, i ein butikk i nærleiken, eller frå ei utstilling i eit galleri. Produkta er sjølvproduserte på Jæren i alle storleikar, og blir gjort klare for sending, levering eller henting så snart pigmentblekket har tørka.

Du finn orda på kunstark og matt fotopapir frå A5 heilt opp til A3+, for innramming eller framsyning på annan måte i di bedrift eller i din heim. Spesialstorleikar blir produserte på førespurnad.

“Bryllaupsdiktet” på 310g bomullsark

Når ord kjem til kort, kan det vere fint å ha orda på eit kort, og difor produserer eg òg ordkunsten på 10×15 kort; perfekt til morsdag, farsdag, ein bursdag, eller berre fordi nokon forten ei merksemd.
Gåver til seg sjølv er heller ikkje feil!

Du kan få gåva di pakka inn i gåvepapir etter at eg ferdig med å rame ho inn, og då kan du jo faktisk sende gåva til ein heldig mottakar som får gåva i posten, ferdig innrama og innpakka med ei personleg helsing frå deg!

Dette er eit val i handlekorga før du går til betaling.


Eit lite utval frå nettbutikken