Detaljar:
bekken sildrar
så fredeleg forbi
bryr seg ikkje om steinar
eller vanskelege parti
berre klukkar vidare
som om verda står stille
den gjev ikkje opp
i den kaldaste vinterstorm
den endrar berre form
og når våren kjem
sildrar bekken igjen
så fredeleg forbi
Du sit ved bekken og høyrer lyden av vatnet, grøne bjørketre som svaiar i vinden, og fuglar som kvitrar.
Omtalar
Ingen har lagt att omtale enda.