Frakt og sending

Frakt og sending til deg

Jarleif.no nyttar kvite pappkonvoluttar for sending av varer. Konvolutten inneheld også ein plastpose som beskyttar varen under forsendelse. Plastposen beskyttar mot vatn og fukt, samt at varen/varane ligg beskytta mot å bli skrapa opp mot innsida av konvolutten. Denne posen kan du sjølvsagt bruke opp att då den er nokså solid. A3-konvolutt vert òg nytta for A4-forsending og blir bretta og forsegla slik at ei vare i A4-storleik passar inn i konvolutten.

Frakt og sending til deg fra Jarleif.no
Konvoluttane er produsert av stiv kartong
og egnar seg godt for forsendelsar frå Jarleif.no

Retur av varen fra deg

Ved ein eventuell retur vert same konvolutt nytta for retursending. Hugs at returskjema må følgje med i konvolutten, utanfor plastposen med varen. Låsemekanismen på konvolutten må òg forseglast slik at konvolutten ikkje opnar seg i løpet av retursendinga.

Frakt og sending til deg fra Jarleif.no
Returfliken gjer retur lett i same konvolutt

Konvolutten kan òg gjenbrukast til andre føremål i etterkant av mottatt forsending frå jarleif.no. Gjenbruk er fint!

Bring vert nytta for all frakt og sending til deg, i samsvar med ditt val ved fullføring av kjøpet.

Estimert leveringsdag i handlekorga er henta direkte frå Bring.