Eg er oppteken av psykisk helse og openheit, personleg og sosial identitet, relasjonar mellom menneske – særleg born og unge, og spesifikt korleis mobbing påverkar eit ungt liv slik som vart tilfelle for meg. Eg gjer meir enn å skrive, og held eit sterkt foredrag der eg formidlar mi eiga historie i form av ei engasjerande historieforteljing.
Dei fleste skular og ungdomsgrupper har avgrensa økonomiske ressursar. Her kjem lokalt næringsliv inn i biletet! Om di bedrift ynskjer å investere i framtidige vaksne gjennom å førebyggje mobbing i ein skule, ei ungdomsgruppe, ei konfirmantgruppe, eller ein ungdomsklubb, er dette sjølvsagt mogleg!
Di bedrift kan betale for eit foredrag for ein valfri skule/gruppe, der di bedrift blir oppført på lista over Investeringsbedrifter her på jarleif.no, med tilhørande merksemd i sosiale medium. Foredraget vert halde som alle andre foredrag, men med informasjon om at di bedrift bryr seg om å førebyggje mobbing, bidra til eit positivt og inkluderande skulemiljø, og set psykisk helse på timeplanen. Du vil med dette framstå som ei føregangsbedrift, der du ynskjer å glede akkurat denne gruppa unge menneske gjennom mine ord.
Takk for ditt bidrag til ungdommane våre og ei lysare framtid!